Valfag

Lurar du på kva for eit valfag som passar for deg? Sjå filmen og teksten under for litt innspel, filmen er laga av elevar på media og informasjon, skuleavisgruppa.

Her finn du søknadsskjema til valfag/fordjupingsfag for skuleåret 2019/2020 for elevar som då skal byrje på 8. trinn.

Dersom du skal byrje i 9. eller 10. klasse neste skuleår, skal du bruke dette søknadsskjemaet.

 

Valfag 2019-2020

Fysisk aktivitet og helse

Faget skal bidra til at den enkelte elev får betre fysisk helse og betre trivsel. Samtidig kan faget vera med på å bidra til eit meir praktisk og motiverande ungdomstrinn. Hovudområda er fysiske aktivitetar og kosthald og helse.

Design og redesign

I valfaget design og redesign skal elevane læra å jobba i dei ulike fasane i ein designprosess fram til eit ferdig produkt. Design og redesign kan vera tverrfagleg og ha samarbeid med sal og scene og produksjon av varer og tenester. Hovudområda er designprosess og produkt.

Medie og informasjon

Faget kan bidra til at elevane får erfaring med og innsikt i korleis dei aktivt kan ta i bruk informasjonsteknologi i kvardagen. Opplæringa i valfaget kan bidra til å styrkja elevane sine formidlingsferdigheiter og gje kunnskap om lovverket som er knytt til publisering.

Gjennom opplæringa kan dei få ein arena der dei utviklar haldningar og kunnskapar som gjer dei rusta til å vurdera kva som er god formidling på og utfor nettet. Hovudområda er redaksjonelt arbeid og produksjon og publisering.

Innsats for andre

Faget  gjev elevane moglegheit til å arbeida på forskjellige arenaer innan ulike samfunnsområde. Elevar i dette valfaget kan utføra arbeid på område der frivillig innsats allereie føregår, eller finne fram til samfunnsområde som dei sjølv finn eigna til å gjera ein innsats i.  Hovudområda i faget er planlegging og praktisk arbeid.

Produksjon av varer og tenester

Valfaget handlar om å starta, drifta og avvikla ei elevbedrift. Elevane si kartlegging av udekte behov i lokalmiljøet, inkludert skulen, dannar grunnlaget for å etablera ei elevbedrift som løyser ei aktuell utfordring for ei gitt målgruppe. Gjennom faget skal elevane få praktisk trening i idéutvikling og i å gjennomføra dei prosessane som er naudsynte for å ferdigstilla og tilby ei vare eller teneste. Valfaget er tverrfagleg. Hovudområda er idéutvikling og produksjon.

Sal og scene (kor, band, dans, drama)

Målet med faget er at elevar som vel faget får moglegheit til å skapa og formidla kreative uttrykk, både individuelt og saman med andre. Faget vektlegg det audiovisuelle aspektet ved kunst, noko som inneber at det som blir skapt og formidla både er synleg og høyrbart. Dette kan vera musikk, lyd, dialog til film, bilete, installasjonar eller sal- og sceneopptreden. Hovudområda er å skapa og formidla.