Arkiv – fun facts om lærarar

Med ujamnne mellomrom legg me ut korte fun facts om lærarar ved skulen. Her finn du dei alle samla. 

Anne-Helen:

Før Anne Helen blei lærar eide ho ein blomsterbutikk i Eikelandsosen attmed der taxi-ane er no. Ho er skikkeleg glad i å laga ting av blomar, det var noko som gjorde ho veldig lykkeleg, men ho får ikkje så mykje tid til å gjere det lengre. Ho hadde blomsterbutikken i 5 år på ein tid før senteret kom.

Ein anna ting du sikkert ikkje visste om Anne Helen var at når ho var liten så stal ho 10-øringar i frå ein telefonautomat. Før måtte folk betale 10 øre for å kunne bruke ein offentleg telefon, då la dei myntene i ei skål som ofte var framfor telefonane. Da pleidde ho å ta nokon myntar i frå skålen og brukte dei til å kjøpa seg godteri. Ho visste at det var gale og fekk skikkeleg dårleg samvit men klarte ikkje å stoppe, så ho bad alltid Gud om tilgiving for dei kriminelle syndene sine.

Til slutt har Anne Helen fortalt oss at ein gong var ho i ein gruve på Svalbard i 4 timar. Dei reiste 4 km med bil inn i fjellet for å sjå spor etter ein Pantodont (dinosaur). Ho måtte ha på seg overlevingsutstyr og ein overlevingsboks som var noko dei måtte puste gjennom viss det plutseleg skulle bli brann for då forsvann alt lufta inn i gruva. Ho fortalte at det var kjempe skummelt og at ho blei ganske redd sidan ho har klaustrofobi, men ho syns at det var verdt det og ho var veldig glad at ho gjorde det da ho var ferdig.

Arild:
Noko du mest sannsynleg ikkje visste om Arild er at han var ganske skuleflink og følgde med i timen, men han gjore litt sprell då han gjekk på ungdomskulen. Han var med ein gjeng som lagde eit halvmeter langt krater med krut. Dei stal magnesium frå naturfagsalen og surra det rundt gjerdet nede med vegen og tente fyr på da. Men han blei aldri tatt for noko heilt til ein dag han fekk melding med heim der det sto “enkeltepisode i jentegarderoben.” Han hadde følgt etter ein av kompisane sine fordi kompisen la merke til at døra ikkje var låst.

Då han starta lærarkarriera si, pleidde han å sove mellom timane i eit ganske skjult lite rom med ein sofa, når han kom frå nattevakt. Så han sende av og til elevane på joggetur i gymmen sånn at han kunne gå og sova.

Arild har faktisk fanga ein mordar ein gong. Arild var på jobb da han såg at ein fyr hadde knust vindauge på ein bil. Og han kom med mange dårlege unnskyldningar om at det var hans bil. Arild trudde ikkje på han og ringte politiet, og etter det fekk han vite at det var ein mordar som hadde rømt frå fengselet.

Annlaug:
Noko du mest sannsynleg ikkje visste om Annlaug er at ho har vunne 1. plass i Big jump snowboard konkurransen, og vant ei snowboardbukse som var for stor. Ho har også jobba på ein sardinfabrikk i 14 dagar, men så bestemte ho seg for at det ikkje var noko for ho (lukta ikkje så godt) så ho blei lærar i staden for. Annlaug er også kanonflink på å perle, spesielt å perle Star Wars-figurer! I tillegg skal Annlaug gifte seg i sommaren som kjem.

Tonje:
Noko du mest sannsynlig ikkje visste om Tonje er at ho spiser andre sine negler, og før gjorde ho dette uten lov. Noko anna er at ho er avhengig av nasespray. Det siste er at ho har ein «fetish» med svarte tusjer og penner

Monica:
Noko du mest sannsynleg ikkje visste om Monica er at ho har løpt både halv- og heilmaraton, sist gong i 2001. – Eg trodde eg skulle dø dei siste fem kilometerne, seier ho. Ho er glad for at ho har gjort det, men det er garantert ikkje noko ho kjem til å gjere igjen. Monica har i tillegg ein usedvanleg stor samling kokebøker og ordbøker.

Svanhild:
For det første er Svanhild utruleg glad i sushi. Og dessutan elskar ho å sjå på “Jakten på kjærligheten” på TV. Svanhild er veldig glad i fuglar, og ho er til og med medlem av “Norsk ornitologisk foreining», som er ei fugleforeining i Norge. Svanhild er stor fan av interiør, og har ein eigen instagramkonto dedikert berre til interiør, denne heitar “stiligmalene”, og du finn ho her: https://www.instagram.com/stiligmalene/