Opning av BUA

15. juni skjer det mange har venta på. Då opnar Bjørnafjorden kommune sin eigen utlånssentral for idrett- og friluftsutstyr: BUA Bjørnafjorden. Ordførar Trine Lindborg stiller som snorklyppar og gudmor for sentralen. Det blir innslag frå 6. klasse ved Os barneskule.

Tysdag 15. juni klokka 17 er du velkommen til høgtidleg opning utanfor og i BUA sine lokale i Holtbrekka på Osøyro. Her kan du både sjå og prøva det flotte utstyret BUA låner ut heilt gratis. Opninga blir eit arrangement for heile familien.

Les meir om BUA og korleis du kan låne ting der på Bjørnafjorden kommune sine sider.