Skidag

Torsdag 18 mars var det tid for skidag ved Fusa ungdomsskule. Som vanleg kunne ein velje mellom å reise til Bygdastølen eller Eikedalen.

Bygdastølen

Det var veldig fint vær, me tok buss opp og nokon sto på ski inn til Bygdastølen mens andre gjekk til fots. Fine skiløyper men ikkje det beste føret, det var vanskelig å stå enkelte plassar. Men veldig fine løyper! Mens nokon tok seg ein runde i løypene, lagde andre til akekonkurranse i bakken. Det viste seg å vere lærarane som var mest ivrige til å ake. Me brente bål og kosa oss, sjølv om enkelte klarte å svi brødskivene på bålet! Etter kvart blei det varmt og fint, og alle var enige om at det var ein fin tur.

Eikedalen

Me reiste til Eikedalen i tre kohortar på kvar sin buss. Det var langt kø inn til utstyrsrommet pga koronareglar. Veldig mange ville leige slalomutstyr så det tok lang tid. Når me først hadde blitt fergide og fått tinga våre begynte me å gå mot heisane. Det var fint vær og opphold, men det var litt flatt lys så det var vanskelig å sjå for eksempel om det var eit hopp rett foran deg. Føret var ikkje så bra, men som sagt var det opphold og ganske varmt – me måtte faktisk ta av jakka! Eg sto saman med ein gjeng venner, kjørte litt her og der og såg folk som tok backflip og andre triks. Det var veldig gøy, og me er veldig glade for at me fekk ha skidag og at det ikkje vart avlyst. Ein opptur!

Tekst og foto: elevar på mediagruppa