Kvifor kan vi ikkje berre ta fri eller heimeskule dei to siste dagane før juleferien?

Etter eit langt og strevsamt haustsemester, er det mange som lurar på kvifor ikkje skulane i Bjørnafjorden kommune tar fri eller innfører heimeundervisning dei to siste dagane før juleferien, måndag 21. og tysdag 22. desember.

Vi i administrasjonen i Bjørnafjorden kommune forstår godt spørsmålet og ønsket.
Vi har diskutert saka internt før den kommunale kriseleiinga bestemte å halde fram som planlagt fram til juleferien.

Det er fleire grunnar til dette:

  • I følgje dei nasjonale smittevernreglane skal heimeundervisning berre skje ved karantene eller nedstenging. Regjeringa har i tillegg opna for at skular kan ta i bruk heimeundervisning i andre spesielle situasjonar, til dømes ved større smitteutbrot eller dersom fråværet blant tilsette er så stort at det er umogleg å gjennomføre ein vanleg skuledag. Dette er heldigvis ikkje tilfelle i Bjørnafjorden kommune.
  • Heimeundervisning er noko heilt anna enn fri. Det stiller store krav til både elevar, lærarar og føresette. I ei travel førjulstid vil det for mange vere endå vanskelegare å legge til rette for læring i heimen.
  • Når vi ikkje har smitteutbrot i kommunen, kan vi ikkje argumentere for at fri/heimeundervisning er eit smitteførebyggande tiltak.
  • Det er 190 lovpålagte skuledagar i løpet av eit skuleår. Viss vi tar fri to dagar no, må vi ta att desse to dagane i løpet av vårsemesteret. Då må vi endre den vedtatte skuleruta, og ha undervisning på to planlagde fridagar i løpet av våren i staden.
  • Vi forstår godt at mange kunne tenke seg å starte juleferien helga før julaftan.
    Men hugs at skulen er barna sin viktigaste sosiale arena. Det skal vere kjekt på skulen – kanskje spesielt før jul, og det er både viktig og fint for elevane å vere saman før ein lang juleferie.

 

Med ønske om ei god førjulstid – og ein riktig fin og velfortent juleferie til elevar, føresette og tilsette når den tid kjem.

 

Beste helsing Line Rye, kommunalsjef Oppvekst og Janne Martha Eik, fagsjef skule