Blomsterkasser til sals

Nokre elevar frå 9. trinn på Fusa ungdomsskule har starta elevbedrifta OSA. Dei lagar blomsterkasser som dei sel. Pengane dei får inn brukar dei på å kjøpe nytt materiale, og det som er til overs får dei sjølve. Dei er fire elevar som lagar kassen heilt sjølv. Eg har intervjua ein av dei, Rune Hesjedal.

Kor lang tid brukar dykk på å lage ein kasse?

~ På prototypen gjekk da litt lengre tid enn planlagt, men me rekne med at me klarer     å lage ein kasse på ein arbeidslifsfag time.

Kva materiale brukar dykk?

~ Me bruker materiale fra bogelist. Der kjøper me lekter, skruer og terrassebord 

Er det bra samarbeid i gruppa?

~ Ja, eg vil sei at det er bra samarbeid. Alle har forskjellige arbeidsoppgaver som dei gjer.

Kor stor er den?

~ Modellen er 65 cm høg, 55 cm bred og 75 cm lang, men detta kan man endra ved bestilling. Du kan få den lengre, kortere, bredere, smalere og lavere.

Gruppa lagar blomsterkassar på bestilling til alle som ønsker det. Om du er interessert kan du ta kontakt på OSA.elevbedrift@gmail.com

 

Modell Rose 65 cm høg, 70 cm lang og 45 cm brei. 850 kr.

Modell Lilje: 54 cm høg, 65 cm lang og 45 cm brei. 700 kr.

Modell Kosmos: 45 cm høg, 60 cm lang og 45 cm brei. 600 kr.

Modell Lavendel: 35 cm høg, 50 cm lang og 45 cm brei. 500 kr.

Skrive av Martine, 9C