Digital julemarknad over all forventning

I år skal valfagsgruppa innsats for andre ved Fusa Ungdomsskule ha digital julemarknad på grunn av korona. Pengane dei får inn går til landsforeningen for transpersoner i Noreg. Eg har intervjua lærar Monica Befring. 

Kor mange bestillingar har dykk fått til no?

~ Vi har fått inn 57 bestillingar. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det er jo 12,5 kg karamell, 6kg drops og 4 kg konfekt. Og det er jo meir enn 20 kg til saman.

Korleis synes du da har gått med digital julemarknad så langt? Kva foretrekker du av digital eller vanleg julemarknad?

~ Over all forventning! Det er alltid kjekkare med vanleg. Då kan vi møte og snakke med folk, men når det ikkje er andre alternativer så er det kjekkare enn ingenting.

Kva for nokre ulike sortar selg dykk?

~ Vi sel karamell, drops og konfekt. Vi selg også kakemenn men det har vi ikkje begynt å bake enda sidan dei må vere ferske.

Av Martine, 9C

Nikolai, Helge, Lars Olav, Malin og mange fleire pakkar karamellar på spreng.