Skulestart 2020/2021

Velkommen til skulestart skuleåret 2020/21 måndag 17. august kl. 08.30!

Skulen startar opp på gult nivå, etter trafikklysmodellen frå Udir (sjå vedlegg).
Elevane vil oppleve ein tilnærma normal skulekvardag, med nokre smittevernhensyn:

1. Elevane nyttar ulike inngangsdører. 8. trinn nyttar hovudinngangen frå skuleplassen. 9. trinn nyttar hovudinngangen ved samfunnshuset. 10. trinn nyttar elevinngangen.

2. I friminutta skal alle elevar vere ute. Her har me meir plass enn inne og det er lettare å halde avstand til andre når alle har pause saman. Det vil vere dagar med regn og det er viktig at elevane har med seg regnjakke dei dagene det er naudsynt.

3. Skulen vil gjennomføra foreldremøte og legg til rette for at foreldre kan halde avstand (innkalling kjem).

Hugs at ingen skal møte på skulen dersom dei er sjuke.

Me gler oss til godt samarbeid gjennom skuleåret!

Vedlagt ligg òg ei helsing frå Janne M. E. Eik, som er ny fagsjef for skule og barnehage i Bjørnafjorden kommune.

Mvh Maylin Torgilstveit
-rektor-