Ein problematisk Korona-situasjon

Skreve av: Eirik Arve Midtrød 

Me kan seie at Amerika ikkje har takla COVID-19 pandemien like bra som mange andre land, det er mange ting som kan ha påverka kor kjapt viruset har spreidd seg. For eksempel kan det være at det ikkje har vært så god kommunikasjon mellom dei forskjellige statane, eller at myndigheitene hadde sagt ting som at viruset var under kontroll og “We will not see diseases like the coronavirus come here».  Dette blei sagt av talskvinna frå Trump-kampanjen som nå også er presse-sekretær i The White House, når dette blei sagt (25. Februar) var det rundt 57 amerikanarar bekrefta smitta med viruset. Dei beroligane orda frå myndighete kan også ha ført til at mange Amerikanarar ikkje tok Korona situasjonen på alvor noko som kan ha ført til at viruset spreidde seg anda raskare, fordi allereie 25. Mars, altså ein månad seinare, var det rundt 68 000 bekrefta smitta. 

Antallet smitta har berre gått opp sidan 25. Mars, og nå når denne artikkelen blir skreve (6. Mai) har det vært totalt over 1 263 000 bekrefta smittande og 74 799 bekrefta døde, i tillegg til dette kan det også være mange urapporterte/ubekrefta smittande og døde. 

Med så mange døde skulle man trudd at Amerikanarane ville hatt full forståing for situasjonen og ville ha heldt seg heime og gjort sitt beste for at viruset ikkje skulle spreie seg meir, men heller har mange amerikanarar gått ut og protestert mot at de må holde seg heime. Det er vanskeleg å sei om kven som faktisk har gjort det betre i denne situasjonen, myndigheitene eller folket. Myndigheitene kunne for eksempel tatt COVID-19 meir på alvor når den begynte å spreie seg til andre land medan folket kunne ha høyrt på myndigheitene og prøve å begrense smittespreiinga via å holde 1-2 meters avstand frå kvarandre, væra heime og vaske henda oftare. Men det er heilt unødvendig og respektløst å protestere mot å måtte seg heime eller å halde avstand frå andre menneskjer, det er mange forskjellige grunner til at folk protesterer, nokon meir forståelege enn andre. Eit eksempel på dette kan være at nokon protesterer fordi dei ikkje lenger har stabil inntekt og ikkje får betalt regningane sine medan andre vil gå til frisøren eller at dei rett og slett ikkje trur at viruset er noko stor sak og at forskarane overdrive. Som eit eksempel på dette har eg eit sitat frå videoen nedanfor der ein kvinne svarer på kva ho synest om forskinga på COVID-19: “I don’t believe your science, because I believe my god” 

Eg anbefaler å sjå denne korte videoen frå ITV News, for å sjå nokon andre grunnar til at folk protesterer mot nedstenginga: https://www.youtube.com/watch?v=AYrTp08p5Cs 

Det ironiske med alt dette er at alle protestane mest sannsynleg kommer til å utsette tida før livet kan gå tilbake til normalt i Amerika på grunn av kor lett viruset spreiar seg, mange av protestantane er i stor fare for å få koronaviruset sidan dei står så tett inntil kvarandre. Det er også skummelt å sjå kor mange amerikanarar som ikkje har tillit til myndigheitene sine. 

Kjelder: 

https://www.bbc.com/news/world-us-canada-52359100 

https://edition.cnn.com/2020/04/18/politics/kfile-trump-officials-coronavirus/index.html 

https://www.aljazeera.com/news/2020/03/emergencies-closures-states-handling-coronavirus-200317213356419.html 

https://www.worldometers.info/coronavirus/country/us/