Skulen opnar igjen

I går avgjorde styresmaktene at alle elevar skal få lov å byrja på skulen att i løpet av veke 20. Dette må likevel skje på ein slik måte at smittevern blir tatt omsyn til, både når elevane er på skulen og når dei er på skulevegen. I første omgang startar Fusa ungdomsskule opp med at alle trinn får ein dag på skulen i veke 20. 10. trinn tysdag, 9. trinn onsdag og 8. trinn fredag. Vedlagt finn de informasjonsskriv frå skulen og frå Bjørnafjorden kommune om dette, samt informasjon frå Skyss. Det vil bli sendt ut ny informasjon ved endringar og seinast før veke 21. Elevane vil også finna oppdatert informasjon på klasseromma på it’s learning.

Velkommen tilbake til skulen!

Venleg helsing
Maylin Torgilstveit, rektor
Arild Matland, inspektør
Thor Magne Liljeroos-Sandal, inspektør

Brev til føresette frå Bjørnafjorden kommune
Skuletilbod Fusa Ungdomsskule i veke 20
Brev til føresette ang skoleskyss fom veke 20