STENGING AV FUSA UNGDOMSSKULE

Me har no fått melding frå kommuneleiinga om at skular i Bjørnafjorden kommune blir stengt frå i morgon 13.3., og inntil vidare:

«Med heimel i Smittevernloven §4-1 pkt b har Bjørnafjorden kommune stengt skular og barnehagar med verknad frå fredag 13. mars og 16. mars. Sjå lenke:»

https://bjornafjorden.kommune.no/aktuelt/arkiv/viktig-melding-bjornafjorden-kommune-stenger-alle-skular-fra-fredag-13-mars-og-barnehagar-fra-mandag-16-mars.20823.aspx

Klassane har fått førebels informasjon om skulestenginga.

Elevane har fått informasjon om kva naudsynt utstyr dei må ta med seg heim i dag, dvs. chromebooks/ladar og lærebøker med hovudvekt på basisfaga matte, norsk, engelsk.

Elevane har fått melding om å møta kontaktlæraren sin på Klasserom på it`s learning i morgon kl. 9. Dei svarer skriftleg «God morgon» på meldingsfunskjon for å visa at dei er tilstades.

Oppdatert informasjon til elevar vil bli gitt på it`s learning. Me vil legga til rette for eit opplæringstilbud via it`s learning gjennom heile perioden skulen er stengt. Digital skule vil vera kvar dag mellom kl. 09.00-14.00.

Med atterhald om endringar.

Transponder vil som vanleg nyttast som kommunikasjonskanal mellom heim og skule.