Smitteverntiltak ved skulen

I samband med koronautbrotet, blir det sett i verk ei rekkje tiltak ved skulen for å førebygge smitte.

  1. Det vert ikkje skulefrukost frå og med i morgon, fredag.
  2. Før lunsj, skal alle elevar vaska hendene grundig før dei får lov å gå ut av undervisningsrommet.
  3. Organisering av klasserom: Elevane skal sitja enkeltvis med mest mogleg plass mellom pultane.
  4. Alle vaksne på skulen oppfordrar elevane til å unngå klemming og anna nærkontakt.
  5. Kvar dag vil reinhaldspersonale desinfisera dørhandtak, kranar og andre kontaktpunkt.
  6. Inntil vidare vil kroppsøvingsfaget leggast opp med minst mogleg fysisk kontakt mellom elevane.

Ved ei evt. stenging av skulen, vil opplæring bli gitt via it`s learning. Sjå elles:

Informasjon om koronaviruset frå Utdanningsdirektoratet

Bjørnafjorden si heimeside om koronasmitte

Venleg helsing Maylin Torgilstveit, rektor