Skidag på ungdomsskulen

Tradisjonen tru vart det vinteraktivitetsdag ved ungdomsskulen, me heiv oss rundt på kort varsel og utnytta ein av eei fp fine vinterdagane me har hatt i år. To tredjedelar av elevane drog til slalombakkane i Eikedalen medan resten heldt seg i meir heimlege trakter på Bygdastølen. Her er to skildringar av dagen:

Skidag på Bygdastølen
Me reiste frå skulen til Bygdastølen litt etter skulestart. Det var mindre folk som skulle til Bygdastølen enn til Eikedalen. Det var 3 bussar til Eikedalen og 1 til Bygdastølen. Då me kom fram til Bygdastølen var det litt styr med å få tak i skia sine først ifrå bussen. Det snødde litt og, men etter kvart kom det sol. Snart var alle av gårde. Når me kom opp til hytta slo me oss ned og lagde eit bål. Nokon hadde med akebrett og nokon hadde ski. Elisabeth hadde ordna innkjøp av pølser til alle, så me grilla pølser på bålet til lunsj. Det blei og litt leiting etter ei drone i skogen. Det var ein lang bakke rett attmed der me var og åt lunsj der folk aka og sto på ski. Det var generelt sett ein lite dramatisk tur. 13.30 så gjekk bussen, så me gjekk ned til parkeringsplassen rundt kl 13.00.

Tur til Eikedalen
Vi samlet oss i klasserommene til vanlig tid, klokken halv ni. Deretter gikk vi ned til bussene igjen og kjørte videre til Eikedalen. Vi var tre busser som skulle til Eikedalen og bare en til Bygdastølen. Da vi kom frem til Eikedalen kledde vi oss om til skiutstyr og fikk vi dagskort til heisene. Sikten var relativt dårlig til å begynne med. Heldigvis klarnet det litt opp etter hvert. Til og med sola viste seg litt frem. Føret var ganske bra, og løypene var nylig kjørt over med løypemaskin. Selve stolheisen var stengt, men resten av trekkene var åpne. Jeg, sammen med et par andre var en liten tur utenfor løypene i nysnø ved fjellheisen. Vi kjørte i skråningen under stolheisen. Der var det fin utsikt mot resten av løypene og ned til varmestuen.

Av Viljar og Valentin