Nye spesialrom opna

Når elevane på Fusa ungdomsskule kom tilbake på skulen etter juleferien venta det tre splitter nye rom på dei! Nå har me i tillegg til ny skule også fått eit nytt musikkrom, naturfagssal og kunst og handverk-sal.

“No er det blitt mykje meir brukarvennleg”, seier Ove Karlson som underviser i kunst og handverk.

Kunst og handverkssalen har blitt meir systematisk og det er mange nye moglegheiter som har opna seg etter at det no har blitt pussa opp. Alle dei støyande maskinane har blitt flytta inn på eit eige rom, noko som gjer elevane meir arbeidsro når dei held på med noko anna. Malin og Maria i 10c seier at det er blitt betre organisert, noko som gjer det lettare å halde på i salen.

Naturfagssalen har også fått nokon forbetringar. Mona Næss Boge som er naturfagslærar fortel at  det er kommen  fem vaskar (i forhold til den eine som var før), betre ventilasjon, ryddigare skap og betre sikkerheit. “Det ser veldig fint ut og eg gler meg til å få meir utstyr på plass”, seier Mona.

Skriven av Eirik Arve