Glory to mankind

Nier: Automata er eit einspiller, action spel som vart utgitt i 2017. Nier: Automata er utvikla av Platiniumgames​ og regissert av Yoko Taro som tidlegare har jobba på Drakengard-Serien og Nier Gestalt og Replicant. Spelet er utgitt av Square Enix. 

Av Eirik Arve Spelt på PS4 (Også tilgjengeleg på Xbox 1 og PC) 

Nier: Automata er satt under den 14 maskinkrigen i år 11495. Du speler som androiden 2B og 9S som er ein del av Yorha-gruppen. Yorha gruppen er ein gruppe androider utvikla av menneskjer på månen for å ta tilbake jorda frå robotar. Robotane var lagd av romvesen som etter å ha invadert jorda, forsvant på mystisk vis. Nede på Jorda finn 2B og 9S ut at noen av robotane har fått følelsar og oppfører seg som menneskjer. Den einaste forskjellen er at robotar ikkje kan lære av feila sine og er dømt til å repetere dei forgje feila sine om og om igjen. 9S begynner å lure på om 2B faktisk er den ho utgjer seg for å være. Han finner også ut ting om Yorha-gruppen som han helst ikkje burde vite, og både 2B og 9S sliter med å finne grunner til å leve.

I Nier: Automata reiser du rundt i ein open verden med mange forskjellige steder å utforske, for eksempel eit gammalt slott eller ein øydelagt fornøyelses-park. Platinium games har gjort ein bra jobb med omgivelsene som passer bra til den forlatte post-apokalyptiske verden til Nier: Automata.

Nier: Automata er eit spel der du kan fullføre din første gjennomspeling på under 10 timer, men for å få med deg heile historia må du spele gjennom spillet fleire gonger. Spelet endrar seg ikkje så mye på din andre gjennomspeling men på den tredje gjennomspelinga endrar spelet seg drastisk. Det er totalt 26 sluttar i Nier: Automata men ikkje alle er like nødvendige for å forstå historia. Du bør vertfall få med deg slutt A,B,C,D og E viss du skal spele spelet.
Yoko Taro har gjort ein bra jobb med korleis karakterane utviklar seg gjennom spelet, han har også skreve ein fin og tragisk historie som du kommer til å hugse lenge etter du har fullført spillet.

Lydsporet er komponert av Keiichi Okabe og vant prisen for best Score/Music i 2017 på TheGameAwards, noko som ikkje er overraskande med tanke på alle dei gode musikkstykkene som er med i Nier: Automata,  med høgdepunkt som for eksempel ​Emil Despair​, ​Amusement Park​ og ​A Beautiful song​.

Stemmene til karakterane passar bra og er truverdige, eg vil gjerne trekke fram Kyle McCarley som er stemma til 9s.

Slåssinga i spelet er action-basert der du kan få oppgraderingar og gå opp i level som i ein Jrpg, du kan velje mellom mange våpen og utføre forskjellige comboer utifrå kva våpen du velgje. Spillet har og nokon bullet-hell sekvensar som kan bli ganske repeterande etter kvart.

Vurdering: Nier: Automata er eit veldig bra action spel. Det er ikkje så mange feil med spelet, men det kan bli litt repetetivt til tider. Det er også nokon få delar i spelet som dei kunne ha gjort om til ein betre filmsekvens enn ein repetetiv og kjedeleg bullet-hell sekvens.

Eg gjer Nier: Automata 8.7 / 10