Julemarknad 5. desember

Denne veka har valfaggruppa Innsats for andre starta førebuingar til julemarknaden. Dei skal produsera forskjellige ting som drops, karamellar, brente mandlar og generelt juleting.  Julemarknaden blir den 5. desember på skulen etter skuletida, og inntektene går til kreftforeininga.

Skrive av Viljar og Martin

Det dei likar mest med førebuingane er at dei er sosiale, og å lage varer. Elevane førebur seg med å lage det som held seg lengst først.

Dei skal også selje englar og julekort i tillegg til ein del matvarer. Det er opent for alle som vil komme, og me håpar på så mange som mogleg, sidan inntekta går til kreftforeininga.

Det er første dagen dei held på med dette no men hittil ser det bra ut, seier Monica som er ein av lærarane til Iinnsats for andre. Her blir det ein smak for alle.

Me får smaka litt på diverse ting som dei lager her og me kan virkeleg anbefale å komme å kjøpe noko her den 5. desember. Du finn arrangementet på facebooksida vår, følg gjerne med der for meir info!