Politibesøk på skulen

I dag så fekk me her på Fusa ungdomskule politibesøk for å snakke om nettvett. Spesifikt deling og lagring av bilder.

Skriven av Viljar og Martin

Elevane er med på ein kahoot liknande side som er anonym. Der viser dei korte videoar med døme på situasjonar ein kan komme opp i. Så skal elevane svare på spørsmål om det var riktig eller lurt eller kva ein burde gjort i denne situasjonen. Alle klassane er og med på dette. Programmet heiter “Delbart?”. På nettsida finner du og brosjyrar for foreldre angåande dette temaet.

Her finner du meir info om “Delbart?