Verdsdagen for psykisk helse

Onsdag 16.oktober blir verdsdagen for psykisk helse markert ved ungdomskulen. Tema for 2019 er «Gi tid».

Årets kampanje har som mål å minna oss alle om å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa vår.

Tid er pengar, seier me. Men tid er også oppmerksamhet, å vise interesse, og det å vera tilstades. Ein ting er sikkert: Tid er verdifullt, noko me ikkje kan sette ein prislapp på. Mange opplever at dei har for lite av den.  I ei tid der me får input frå mange hold, er ekte oppmerksomhet den finaste gåva ein kan få og gi. Derfor er det å gi av tida si noko av det finaste ein kan gjera. Har du råd til å la være – spør ein i årets kampanje.

Miljøteamet vil gå ein runde i alle klassane denne dagen, i tillegg vil det vera utdeling av gratis frukt til alle elevane i lunsjfriminuttet!