Marvel 

Marvel er eit stort filmselskap og eit amerikansk forlag for teikneseriar. Men eg trur flest folk assosierer Marvel med filmane sine. Korleis blei Marvel så populært? Og kven står bak desse store karakterane som vi kjenner til? 

Marvels historie 

Marvel starta som Timley Publications i 1939 før det blei kjent som Atlas Comics i 1950-tallet. I 1950 åra selde superheltsjangeren veldig dårleg, og forlaget då under namnet Atlas Comics spesialiserte seg på Western, romantikk og monster/skrekkserie. Men i byrjinga av 1960-tallet revolusjonerte Marvel Comics superheltsjangeren og tegneseriebransjen. Stan Lee hadde fått tegnarane Jack Kirby og Steve Ditko inn i forlaget Marvel Comics. Saman med disse to skapte Stan Lee ein rekke nye superheltkonsept og batt dei saman i eit stort univers, “Marveluniverset.” 

Stan Lee var ikkje så god på å skrive manus så han gav berre ideen til tegnarane og det lot tegnarene bestemma forteljingas detaljer, og det var nok ein del av nøkkelen til suksess. Det gav tegnarane mykje meir friheit til sidelayout og fortellerteknikker, noko som førte til at historiene fekk mykje meir dybde og såg mykje betre ut enn hovudkonkurrentane sine. 

Stan Lee 

Stan Lee (født 28. desember 1922, død 12. november 2018) er skaparen av mange ikoniske Marvel helter, nokon av dei mest kjente er Spiderman, Iron man, Thor, Hulk, Doctor Strange og mange fleir. Når folk høyrer Marvel tenker dei ofte på Stan Lee, han hadde ein fantastisk kreativitet og er nesten like ikonisk som superheltane han lagde. Stan Lee var med i nesten alle Marvel filmane i nokre små snuttar og heldigvis klarte han å spille inn ein siste scene i den siste Avangers filmen “Endgame”  før han døde. 

Me har spurt ein Marvelfan, Tony, om korleis han reagerte då han høyrde at Stan Lee hadde døydd. “Eg blei veldig sjokka for han virka ikkje så gammal sidan han hadde vert med i alle filmane”, svarte Tony. 

Marvel Filmane 

Noko eg trur er ein stor grunn til at Marvel er blitt så populært, er samankoplinga mellom mange av filmane deira. For dei fleste av Marvel filmane er i same univers og ting skjer samtidig berre i forskjellige filmar og du får sjå andre perspektiv, så du kan sjå kva andre heltar held på med mens det skjer noko stort i ein annan film. Og alle dei filmane bygger seg opp til hovudserien til Marvel som er “Avengers” som består av fire filmar. 

Laga av: Lukas Rysjedal