Lyst på kvalitetsmusikk i spelelista di? 

De har kanskje høyrt namnet Troye Sivan før? Kanskje de har høyrt musikken hans på radio eller andre musikkplattformar? Kanskje de til og med veit kven han er? Likevel vil eg no skrive litt om Troye Sivan, ein artist eg sjølv er veldig glad i og som eg synest fortener meir anerkjenning.  

Av Malena Ø. Offerdal, 10b 

Troye Sivan Mellet er ein artist og multitalent innanfor musikk, låtskriving, skodespel og mykje anna. Han vaks opp i Australia, men vart fødd i Johannesburg i Sør-Afrika der han budde i 2 år. Han har dreve med mykje forskjellig i løpet av sitt 23 år gamle liv. Han har spelt i fleire filmar, blant anna i trilogien “Spud, og hadde også ein rolle som unge Wolverine i filmen “X-men Origins: Wolverine”. No nyleg har han og spelt i ein film kalla “Boy Erased”.  

Han har også sin eigen YouTube-kanal, som var hovudsakleg grunnen til korleis han blei så kjent. Den dag i dag har kanalen hans mei enn 6,9 millionar abonnentar. Eg oppdaga Troye Sivan i 2013 då han berre var ein liten YouTube’ar. Sjølv om han likte å legge ut videoar på YouTube og underhalde dei som såg på, visste han at det var musikk han ville drive med. I 2014 annonserte han til fansen at han hadde fått platekontrakt med Universal Music og slapp deretter ut fleire EP’ar som TRXYE og Wild. I 2015 slapp han ut sitt fyrste album kalla Blue NeighbourhoodEtter dette har karrieren hans berre gått oppover, og han har blitt meir og meir kjent. 

I Mars 2019 var eg på konserten hans på Sentrum Scene i Oslo. Dette var hans fyrste verdens turne, der Norge var hans siste stopp i Europa. Biletet de kan sjå som er vedlagt har eg tatt då eg var på konserten. Eg veit det ikkje akkurat er verdas beste kvalitet på biletet men eg klarte ikkje heilt å stå i ro på dette tidspunktet…. Det som er avbilda er frå når han opptredde songen “What A Heavenly Way To Die” frå sitt nyaste album, Bloom. Troye skriv dei aller fleste songane sine sjølv, ofte med hjelp i frå andre artistar som Leland, Lauv, Alex Hope og fleire. Han har samarbeida med mange andre artistar opp gjennom åra, og vore med på songar med fleire kjente artistar. Blant anna har han ein song med DJ’en Zedd, kalla Papercut, og også ein med Ariana Grande på Bloom-albumet som heiter “Dance To This”. Han har også ein song som no er på dei fleste topplistene rundt i verda kalla “I’m so tired…” som han har saman med artisten Lauv.  

Eg vil så absolutt anbefale å høyre på musikken til Troye. Om du likar rolege songar, kan du for eksempel lytte til Postcard”,“Blue”, “The Good Side” eller “Revelation. Om du likar meir typisk pop kan du for eksempel lytte til Fools”, “Youth”, “I’m so tired…” eller “My My My!”, blant eit mangfald andre. Om du likar litt meir techno eller “hypa” musikk er kanskje Papercut” eller “Bite” noko for deg. Så om du nokon gong blir lei av spelelista di, søk opp Troye Sivan og prøv deg på hans songar då vel! Om du vil sjå meir av Troye kan du finne han på dei fleste sosiale medier, som oftast under namnet “troyesivan”. Gjerne sjekk ut filmane hans også, og youtube-kanalen hans kan du finne her. 

 

Kjelder: 

http://time.com/5375715/troye-sivan-2018/ (23.08-18) Henta 08.05-19 

https://en.wikipedia.org/wiki/Troye_Sivan (03.05-19) Henta 07.05-19 

https://www.youtube.com/user/TroyeSivan18