Kvifor høyre på koreansk-pop når eg ikkje skjønner ein dritt?

I 9. klasse fekk vi ein oppgåve i musikk om å analysere ein song og skrive om artisten, ein oppgåve eg aldri blei ferdig med. Så difor har eg no valt å skriva den ferdig for skuleavisa og presentere den for dykk i staden, berre at denne gangen skal eg fokusere på korleis språk ikkje har noko å sei innanfor musikk. Eg er ein person som kunne ha valt ut i frå alt mogleg, både er rock, pop og indie, men denne gongen har eg bestemt meg for å skriva om k-pop gruppa BTS.

Skrevet av Zofia Konieczka, 10b

Den sør-koreanske idol-gruppa heiter “방탄소년단” (Bangtan Sonyeondan), som da omsett til Engelsk er «Bulletproof Boyscouts»/»Bangtan Boys» men mest kjent her i utlandet under forkortelsen BTS, deputerte den 13. Juni 2013 under Big Hit Entertainment som ein hip-hop gruppe med låten «No More Dream». Gruppen består av 7 medlemmar i alderen 22-27; RM, Jin, Suga, J-Hope, Jimin, V og Jungkook. Det er 3 rapparar og 4 vokalistar i gruppa, samtidig er alle kjempe flinke dansarar, som er ein ganske vanleg ting i k-pop. RM er leiaren og er den einaste som er flytande i det engelske språket i gruppa.

Mai 2017 byrja BTS å skape historie da dei blei den første k-pop gruppa som har vunne ein pris på Billboard Music Awards da dei vant Top Social Artist prisen, ein pris som Justin Bieber har vunne i 6 år på rad. Men dette var ikkje den einaste gongen BTS skapte historie i 2017, for da dei kom ut med mini-albumet «Love Yourself: Her» på hausten 2017 blei det så masse snakk om BTS i Amerika at dei framførte låten «DNA» på sjølve American Music Awards. 2018 blei også eit fantastisk år for dem da dei skapte ein serie og film i samarbeid med «YouTube Red» som heiter «Burn the Stage» (Første episode finn dykk gratis på youtube her) og det sluttar ikkje her for 24. September 2018 var BTS den første k-pop gruppa nokon sinne som haldt tale framfor FN-organisasjonen i USA.

Det som gjer BTS unike i frå andre k-pop grupper er tekstane deira, og vertfall det at det ikkje er mange grupper som skriv om slike tema som BTS synger om. BTS sine tekster handlar veldig mykje, som eg nemnde tidlegare, om politikken og samfunnet i Korea men også om korleis ungdommen har det. Tekstane i songane deira er ein stor grunn til kor populære dei har blitt. BTS byrja på grunn av dette å få mange spørsmål, frå både koreanske som internasjonale fans, om kvifor dei skriv om slike djupe tema i staden for om fester, jenter, kjærleik og skjønnheit. Noko BTS alltid har svart med er: «Ikkje alle vil snakke høgt om det, så viss ingen andre gjer det og nokon faktisk skal snakke om det føler vi att det må bli oss. For dette er verkeleg noko som burde bli tatt opp».

Men noko eg alltid får kommentar om da eg forteljar om at eg høyrer på koreansk pop-musikk er “Kva er vitsen da du ikkje ein gong forstår kva dei synger om?”, men kvifor høyrde heile Noreg på Despacito i 2017 da? Eg valde å stille det same spørsmålet til BTS sine fans på twitter, nokon av svara eg fekk var dette:

«Når du sette pris på nokon så masse fordi dei gjer livet ditt 100x betre, gjer handlinga og lidenskapen deiras det lett å gløyma at det er eit anna språk til å byrja med.» – @hobisunflower13

«Eg ser på videoa med teksting og musikken deira er drit bra.» – @valthetragedy

«Eg oppdaga dei gjennom YouTube. Eg var ikkje noko stor fan av k-pop først, men eine videoen deira kom opp i mine anbefalte heile tida. Eg såg den noko gonger og språket var ikkje noko problem for meg sidan eg høyre på Spansk musikk frå før av. » – @BTS_Admirer_OT7

«Eg er frå Noreg, men språket har ikkje vert noko vanske for meg. Viss du forstår engelsk har du sjansen til å kommunisere med dei fleste i verda. Det er også veldig ofte undertekst.» – @Kim_TaeTae_9506

«Eg visste ikkje kva k-pop var før Gagnam Style kom ut men eg og venninna mi elska sangen og vi brydde oss ikkje om at vi ikkje forstod noko» – @chimchimily15

Så kvifor ikkje prøve noko nytt? Gi andre språk ein sjanse? For verden er ikkje så stor som vi trur og det tar ikkje lang tid å finne fram tekst på google. Språket bør heller ikkje vere noko som skal stoppe deg i frå å høyra på ein bra beat.

Til slutt kan eg berre gi dykk ein liste over sanger eg anbefaler. Eg kunne verkeleg ha anbefalt dykk alle songane deira med tanke på kor bra dei faktisk er. Men nokon av dei med best songtekst etter min meining er «Jump», «N.O», «We Are Bulletproof pt.2», «21st Century Girl», «Lost», «Silver Spoon», «Am I Wrong», “Epiphany” og “Paradise”.

Og fleire har berre ein dritgod drop 😉

Kjelde:

Bilete hente ifrå twitter. 15.05.19 (https://twitter.com/bts_bighit/status/1123794381281034241/photo/1)