Det er meininga at det skal vere mørkt om natta

Lysforureining kjem av at vi sløsar med kunstig lys når det er mørkt. I vår tid lyser vi opp byer som søv, gater ingen går i, og hus der alle har gått til ro. Lysforurening kan påverke både menneske og dyr på ein negativ måte.

Av Eira Skulesdatter Dreyer

Ei kjelde til inspirasjon

For berre 100 år sidan kunne ein sjå stjernehimmelen frå dei fleste byar. Det var heller ikkje uvanleg å skimte Mjølkevegen på nattehimmelen. Stjernehimmelen har i århundrar inspirert og utfordra vår skaparkraft, undring og fantasi. Men i dag finst det millionar av menneske som aldri får sett stjernehimmelen på grunn av  lysforureining.

Det at så mange millionar menneske aldri får oppleve å sjå stjerner ei klår natt, er ikkje berre synd fordi det er ei fantastisk oppleving. Dei går også glipp av den umiddelbare kjensla av at vi er ein del av noko større.

Vi tukler med naturen

Livsformene på jorda er tilpassa det naturlege lyset som alltid har vore der, sola, månen og stjernene. Små skilpadder som navigerer etter månen, går ofte feil veg fordi dei forvekslar lysa frå byane med måneskinn på havoverflata. I staden for å gå ut i havet der dei høyrer heime, vandrar dei opp på land. Fuglar og andre dyr får ikkje ro til nattesøvn. Ved å bruke elektrisk lys om natta tukler vi med naturen.

Det blå lyset

Også menneske kan bli negativt påverka av kunstig lys. Melatonin er eit hormon som hjelper med å styre kroppens søvnsyklusar og som blir regulert av lys og mørke. Dagslys har mykje blått lys, men etter kvart som det blir kveld avtar dette lyset i styrke. Då byrjar kroppen å produsere melatonin. Om kroppen blir utsett for blått lys som til dømes LED-lys og elektroniske skjermer når det eigentleg skal vere mørkt, kan dette kludre til produksjonen av melatonin i kroppen, noko som blant anna kan skape søvnproblem. Menneske som lever i byar med mykje kunstig lys om natta, har større risiko for å utvikle mellom anna depresjon, diabetes, utmatting, stress og nokre typar kreft.

 

“Eg vil sjå stjernene”

Det krev mykje straum for å lyse opp eit hus, for ikkje å snakke om ein heil by, og mykje av energien som blir brukt kjem frå fossilt brensel. Om vi først skal bruke fossilt brensel, kan vi ikkje heller bruke det på noko vi faktisk kan ha glede av?

Heldigvis er det ting vi kan gjere, også som enkeltpersonar. Det vil gjere ein forskjell berre å redusere utelys utanfor sitt eige hus. I tillegg er det viktig å vere bevisst på at problemet finst, og å handle ut i frå det.

“Eg synest det er så fint at det er mørkt ute om natta at eg ikkje vil ha utelampe på huset vårt”, seier Lisbeth Dreyer. Ho brukar lommelykt til å lyse opp vegen og trappa når ho går. “Det er alt eg treng”, seier ho, “eg treng ikkje at det står på lys der heile tida. Eg vil sjå stjernene”.

Å overdrive opplysning kostar oss millionar av pengar, ressurser og energi. Det forstyrrar dei naturlege og fintilpassa økosystemane på jorda, i tillegg til å ha ei negativ påverknad på både dyr og menneske.

Kjelder:

Bilde: