Bestefar Holmes og grandonkel Watson

Veit du kva ein ‘fan’ er? Har du høyrt om omgrepet ‘fandom’? Har du budd under ein stein dei siste tretti åra? Med ei stødig auka i bruk av sosiale media har gamle og nye bøker, filmar, sportsstjerner og artistar sett nytt lys. Fenomenet har eksistert lenge, men det er spesielt i dei seinare åra at fandomar har blitt omtalt og diskutert i media, og ikkje berre som sprø tenåringsjenter.

 

Skrive av Gjøa Sveinsdotter Holmefjord

 

“Gal, entusiastisk, inspirert av ein gud”

Ordet ‘fan’ er engelsk og blir i Cambridge Dictionary forklart som; nokon som ser opp til og støttar ein person, sport, sportsklubb, osb. I Oxford Dictionary står det: (ein fan er) ein person som har ei sterk interesse for, eller beundrar ein bestemt person eller ting. I nynorskordboka blir det omtalt som ein ivrig beundrar. Alle desse er gode forklaringar på kva ein fan er. Det er nokon som har ei interesse dei tek på alvor.

Ordet ‘fan’ har mange moglege opphav. Det første, og mest brukte opphavsforma, er at ‘fan’ kjem frå det engelske ordet ‘fanatic’, som igjen kjem av det latinske ordet ‘fanaticus’ (gal, entusiastisk, inspirert av ein gud). ‘Fanatic’ er, på tvers av ordbøkene, omtalt som eit ord på nokon som er so opptatt av noko at det blir irriterande og urimeleg. Ordet, som kom i ordbøkene på 1520-talet var først eit adjektiv, men blei seinare mot slutten av 1640-talet, eit substantiv. Ordet blei so korta ned, og på slutten av 1800-talet kunne ein for første gong finna ordet ‘fan’ i dei amerikanske ordbøkene, den gongen mest brukt når det var snakk om baseball.

Den andre forklaringa er at ‘fan’ kjem frå ‘fancy’. ‘Fancy’ eller ‘fantasy’, som er ei anna form av same ord, kjem frå det greske ordet ‘phantasia’. ‘Fancy’ blei brukt om noko ein likte, eller var oppteken av. Ordet blei i hovudsak brukt til å skildra tilhøyrargruppa av dei som var opptatt av boksing. I seinare tid har det blitt forkorta til ‘fance’, og seinare til ‘fan’.

Ei tredje, meir bokstaveleg tolking av ordet kjem frå den direkte omsette forma av ordet, vifte. Nokon meiner at sportstilhengjarar, som var dei første som fekk tittelen ‘fan’, vifta seg sjølv under sportsarrangement, enten fordi det var varmt, eller fordi spenninga frå kampen var for stor.

Eit kongedøme av fans

‘Fandom’ er eit samansett ord. Det kjem av ‘fan’ og ‘dom’. ‘Dom’ blir brukt som ein suffiks, eit ufullstendig ord som gjer eit anna ord fullstendig eller ei ny meining. Nokre meiner at      ‘dom’ i ‘fandom’ kjem av det engelske ordet på kongedøme (kingdom). I den samanhengen blir ‘dom’ brukt for å visa at det er snakk om ein plass, ein døme.

Ein «fandom” er det samla omgrepet ein brukar når det er snakk om ei gruppe av fans. Eit eksempel kan vera Harry Potter. Bøkene og filmane har samla menneske frå heile verda rundt ei felles interesse, og gitt dei ein “fandom”, ein plass der dei kan finna andre som liker det same som dei sjølve.

Den første fandomen

Den første og eldste fandomen som me har dokumenterte bevis på er Sherlock Holmes. Den første boka om privatdetektiven, “A Study in Scarlet”, kom ut i 1887, og folk elska den. Forfattaren sjølv, Sir Arthur Doyle, meinte at bøkene om Sherlock Holmes og Dr. John H. Watson ikkje var av dei beste, og var mykje meir stolt over dei historiske romanane sine. Han refererte mellom anna til Sherlock Holmes som “ei elementær form for skjønnlitteratur”.

Doyle meinte bøkene  held han frå a skriva større, betre historiar og romanar. Han fann ut at han måtte avslutta serien om Holmes, og den måtte avsluttast med eit smell. Den beste måten det kunne gjerast på var å drepa Holmes, og han var verdig ein spektakulær død. Då historia, “The Adventure of the Final Problem” (1893), kom på trykk var folk rasande. Holmes kunne ikkje detta utfor eit stup og døy! Det kunne ikkje vera slutten! Historia blei utgitt i bladet “The Strand”, og etter at den kom ut mista bladet 20 000 abonnentar.

I månadane og åra som følgde såg me dei første teikna og starten på det me kan samanlikna med dei moderne og tidsaktuelle fandomane me har no. Fansen sørgja over Sherlock Holmes. Det blei arrangert demonstrasjonar og støttemarkeringar, der folk gjekk i svart. Det var også under denne perioden at “fanfiction” blei til. ‘Fanfiction’ er historiar der fansen skriv karakterar frå kjende bøker og filmar inn i sine eigne historiar, slik at dei kan leva vidare, sjølv om dei originale bøkene eller filmane er ferdige. Med alt dette presset rundt Sherlock Holmes skreiv Doyle, i 1901, ei ny historie med detektiven i hovudrolla. Forfattaren var tydeleg på at handlinga var lagd før “The Adventure of the Final Problem”. Holmes var ikkje tilbake, dei fekk berre eit lite gjensyn med han. Trass i dette fekk “The Strand”, der denne historia også blei publisert, eit lesartal som auka med 30 000 lesarar over natta. Det var ikkje so lett å ignorera responsen Doyle fekk på “ei elementær form for skjønnlitteratur”. I 1903 kom Holmes tilbake for godt, då Doyle gav ut boka “The Adventure of the Empty House”.

Kva, korleis, kven og kvifor

I dag har me fleire fandomar enn ein har tal på. Du har alt frå Harry Potter, Beatles og Hobbiten til fotball og The Rock. Du har bøker som er meir kjend enn filmane (Percy Jackson), filmar som er meir kjend enn bøkene (Love, Simon) og bøker og filmar som er like kjende (Harry Potter). Det finns artistar som ingen visste kven var i fjor, men som alle veit kven er no. Me har gamle filmar med kjemepdårlege effektar som blir sett dagleg verda over.

Det er klart av internett og sosiale media er ein del av dette verdsomfattande fenomenet. Når du før måtte møta folk personleg kan du no snakka med folk på den andre sida av jorda om den boka du likte, utan å forlata rommet ditt. Det finns fleire plattformer, som i hovudsak blir brukt av fans. Det gir dei ein plass å dela ‘fanfiction’, ‘fanart’ (kunst inspirert av ein fandom), tankar, idear og generell utfreaking.

Kven det er som står for den generelle utfreakinga kan variera. Det kan vera den stille jenta som sit bakerst i klasserommet, han som jobbar på postkontoret eller den søte gutten som står på busstoppet kvar torsdag. Kva dei er fans av er ikkje alltid like godt å vita. Klede eller smykke, samt vesker og mobildeksel kan gi hint.

Kvifor me bryr oss slik om desse irrelevante tinga er ikkje so godt å seia. Alle har sine eigne grunnar. Det kan skape ei sterk kjensle av tilhøyrigheit. For nokon kan det vera det einaste som smiler til dei i kvardagen.

Etter at eg har lest en bok eller sett ein film eg likar, so er det fint å ha ein plass å gå der ein kan for få ein følelse av at historia ikkje er slutt, samstundes som ein kan diskutere og snakke med andre om det. Det er jo ikkje alltid alle rundt meg er interessert i det same som meg”, seier Eira Skulesdatter Dreyer.

Det er også takka vera fans at nytt materiell blir gitt ut. Hadde det ikkje vore for fansen hadde ikkje The Beatles blitt so store som dei var. Harry Potter-bøkene gjekk frå å ikkje bli gitt ut til å bli ei av verdas mest kjende fantasyseriar. Sherlock Holmes blei skrive ut av historia, for so å bli skrive inn igjen, berre fordi fansen pressa forfattaren. Han er óg relevant i dag, meir kjend gjennom BBC-serien «Sherlock”.

 

Kjelder:

 

Bilete: