Nytt gokarttilbud i Bergensområdet

No får me gokarttilbod på Sotra i Bergen igjen! Gokarttilbodet her i området har vore vekke veldig lenge no, men Bergengokartsenter bestemte seg for å gjera noko med dette 1.mars 2019!

Men kva er gokart eigentleg?

Gokart er ein motorsport og den er sikkert den motorsporten som flest folk har prøvd. De fleste køyrer gokart fordi det er gøy, men nokon jobbar som gokartsjåfør. Gokart er omtrent den einaste måten tidlege bilentusiastar får køyra fort sjølv. Men du trenger ikkje å være bilentusiast heller. For dei fleste er gokart berre ein måte å ha det gøy på, for eksempel folk som reiser på ferie er ofte innom eit gokartsenter vist det er i nærheita.

Bergengokartsenter

Gokarttilbodet har vore vekke frå folk her i området lenge. Før så var det nærmaste gokarttilbodet i Kinsarvik som er 129km ifrå Eikelandsosen. Og som om det ikkje var ille nokk, så er gokartane for ungdom VELDIG trege, men dei på Bergengokartsenter er mykje betre på alle måtar.

Denne i Bergen blir litt spesiell, fordi at alle gokartane skal være elektrisk. Mange ser på dette som feil, fordi dei forbind gokart med mykje lyd og bensinlukt. Men at dei er elektriske er kanskje ikkje så dumt. For det første så er det jo betre for folka på banen, sidan banen er innandørs. Og vist du får lik effekt frå motoren så er det raskare respons frå du trykker ned pedalen til noko skjer når du har ein el-motor.

Banen

Banen tar plass i eit parkeringshus på Sotra, så det blir høgdeforskjell sidan den går over to plan. Arealet på banen er ikkje så stort, men det ser ut som dei har brukt arealet godt. Banen har ein del u-svingar og slakkare svingar, det er også ein del strekkjer der du kan treffe makshatigheit, og ein som er litt lengre enn dei andre.

Gokartane

Vist du er mellom 10 og 14 år så er kartane begrensa til 25 km/h, vist du er 15år eller meir så går kartane opp i over 40km/h og så har du ein boost knapp på rattet i tillegg som gir deg litt ekstra effekt i ein kort periode. Ofte får du lov til å køyre rundt 40km/h utan at du er 15 år, og dette forbedrar heile opplevelsen det kan gå litt sakte med maks 25km/h. Eg kan verkeleg anbefale dette! Så eg kan lett anbefale Begengokartsenter, men det er verkeleg ein stor forbetring frå 25 til over 40km/h. Bortsett frå det så er banen og kartane heilt topp! Her finn du bilder av Bergengokartsenter.

Skriven av Viljar Opheim

Foto: https://www.facebook.com/bergengokart/photos/a.716563208743183/784282545304582/?type=3&theater