UKM Os og Fusa 2019

Laurdag 9. mars var det UKM for Os og Fusa i Eikelandsosen samfunnshus! Her kom det mange ungdommar med mykje forskjellege talent innanfor musikk, dans, kunst, filmskaping, og mykje anna. Totalt var det 67 påmeldte, 12 innslag på scenen og resten som kunstnarar, filmskaparar eller unge arrangørar.

Denne gongen var det ikkje berre deltakarar frå Os og Fusa, men også gjestedeltakarar frå Bergen! Noko anna som var nytt i år var at heile arrangementet vart filma, og lagt ut slik at alle kan sjå dei! Alle innslaga kan du finne HER.

Programmet starta klokka 16 og vart delt i to delar. Fyrste del med innslag på scenen, og så ein pause der folk kunne gå å kikke på kunstutstillinga, og deretter dei siste innslaga på scenen.

På slutten av arrangementet fekk alle deltakarane kvar sin diplom og rose. Det var eit sabla koseleg arrangement med masse ballongar, “UKM-snop” og god stemning!

Dei som kom vidare frå lokalmønstringa blir sendt vidare til fylkesmønstringa, som i år vert arrangert i Oseana kunst og kulturhus på Os, 5.–7. april.

Frå Os og Fusa kom det totalt vidare 13 deltakarar. 5 stk med kunst og 8 innslag frå scenen.

Kom gjerne og sjå på dei opptre 6. og 7. april!