Klimastreik

Torsdag 14. mars var det skulestreik og miljødemonstrasjonar i Bergen. Over 3000 ungdommar møtte opp for å støtte den internasjonale miljøkampen. Kl. 12 streika elevane ved Bergensskulane. To timar seinare var fleire tusen ungdommar frå Bergen og omegn samla på Torgallmenningen. Frå Fusa ungdomsskule var det omlag 10 tiandeklassingar som deltok. Dagen var fylt med appellar og musikkinnslag. Slagorda runga over byen og engasjementet var stort. Arrangementet vart avslutta med demonstrasjonstog rundt Lille Lungegårdsvann.

Fredag 22. mars er det nasjonal streik, med markering i Bergen. Det startar kl. 11 ved Sjøfartsmonumentet.

Skriven av Eira, Gjøa og Julia