Children’s burn care foundation

Onsdag 9 januar fekk valfaget “Innsats for Andre” på Fusa ungdomsskule besøk av Einar Eriksen og Lillian-Rose frå CBWCF (Children’s burn and wound care foundation), og Harald Geir og Victoria frå soknerådet og frivilligsentralen i Fusa. Dei jobbar blant anna med brannskade-sjukehus i Etiopia, og Tabor utdanningssenter. “Innsats for Andre” har bestemt seg for at dei skal gjere ein innsats for å hjelpe dette prosjektet.

Eira Skulesdatter Dreyer og Gjøa Sveinsdotter Holmefjord

Einar Eriksen og Lillian-Rose bur og jobber i Etioipa, der dei no arbeidar på sjukehus for brannskadde. Dei behandlar barn og voksne som har vore utsatt for brannskader, samtidig som dei utdanner og gjer opplæring til komande legar og sjukepleiarar. Dei jobbar målretta og strekk seg no også ut mot andre stader og sjukehus i landet.

I Etiopia har dei to sjukehus, eit som heiter Myungsung Christian Medical Center (MCM), i tillegg til at dei har arbeidsbesøk og samarbeid med Hagere Mariam Hospital  i Hagere Mariam og Abba Minch Hospital. Einar og Lillian-Rose kom opprinneleg til Abba Minch som misjonærar i 1987. Abba Mich er i dag i dei etiopiske myndighetene sine hender. Einar og Lillian-Rose arbeider fortsatt den dag i dag, og som nordmenn i Etiopia møter dei – og har møtt- på mange utfordringar, blant anna er det eit heilt framand språk, for ikkje å snakke om kultur. Dette kunne ha stoppa Einar og Lillian-Rose men dei seier at gleda av å sjå ein pasient når han er blitt frisk, er verdt alt strevet. Dei jobbar med å hjelpe éin om gongen.

Grunna at mange i Etiopia ikkje har mykje pengar, og at det ofte er det dei som treng det mest som mangler pengar til behandling, blir dei fleste pasientene behandla gratis. Barna som kjem inn manglar ofte sko, noko som kan være ein årsak til brannskadar. Mange av barna får derfor med seg eit par sko når dei drar frå sjukehuset. Utstyret på sjukehusa er førsteklasses utstyr og pasientene er sikra ein skikkeleg/ordentlig behandling. Stiftelsen er på grunn av dette avhengig av å skaffe nok midlar til å oppretthalde det gode arbeidet. Anna kvart år blir det arrangert Walk and Run i Fusa, der det blir samla inn pengar, som blant anna går til innkjøp av utstyr, lønn, rekningar, og bygging av kyrkjer og sjukehus.

Elevane i “Innsats for Andre” har laga små elevbedrifter, der inntektene skal gå til arbeidet i Etiopia. Tidlegare bedrifter har mellom anna vore Teddyekspressen, som samla inn bamsar til barn i Etiopia. Det var ein stor suksess og skapte glede hjå barna. No er det starta opp nye bedrifter, som Skoekspressen og “småjobbar i Eikelandsosen”. Skoekspressen samlar inn sko, teiknesaker og puslespel som dei passar på er i god stand før dei blir sendt til Etiopia. “Småjobbar i Eikelandsosen”, gjer som namnet seier, og utfører småjobbar i Eikelandsosen mot betaling, der inntektene går til misjonsarbeidet. Dei har oppretta ei Facebook-side der folk kan be om tenester.