URO arrangerer ny konsert!

Fotograf: Turi Offernes

URO er eit konsertarrangement av ungdom for ungdom, som byr på musikk innanfor ulike sjangarar, med unge, lokale artistar på scenen. URO starta opp i november 2017, og har sidan den gongen hatt tre konsertar i Os, Fusa og Åsane.

No er dei snart klare med sin fjerde konsert, som ei markering på URO sitt, litt forsinka,  eitårjubileum.

Med artistar  som Z&F frå Fusa, NAOMI, fucales, About Character og Jonas frå rundt om i Hordaland, med DERIN som headliner byr arrangementet på eit variert program med høgt energinivå og god stemmning.

Arrangementet, som er rusfritt, finn stad i Os Rockeklubb (Os idrettshall, Idrettsvegen 39, 5200 Os), laurdag 26.januar, frå 17.00-22.00.

Skriven av Gjøa, Angel, Malena og Zofia