Konsert med Miss Tati

Foto: Roy Bjørge Photography

Miss Tati sitt ekte namn er Tatiana de Fatima Palanca Lopes Perieira. Ho er fødd i Angola 13 oktober 1986. Ho brukar element frå mange forskjellige sjangre som f.eks soul, R&B, hip hop og rap

Ho har vore aktiv sidan 2009 og har kome med ein del songar igjennom åra.

Den 07.01.19 besøkte Miss Tati Fusa ungdomsskule. Ho hadde ein liten konsert for alle elevane oppe i samfunnshuset i siste time. Ho og bandet spelte fleire songer som blant annet Woman og  Shake Down.

Vi spurde nokre elevar om kva dei synest om konserten.

-Eg synest konserten var bra og dei var gode til å få med seg publikummet, seier Brage i 10C.

-Det er ikkje musikk som eg ville har hørt til vanleg men det var veldig  gøy å få vera med på konserten. Det var ein bra opptreden og dei var flinke til å vera aktive mens dei song, seier Zofia i 10B.

 

Skriven av Lukas og William