O’boy-krisa er no komen til Fusa

I august braut det ut O’Boy-krise i Sverige. Alle matbutikkar i Sverige gjekk plutseleg tom for sjokoladedrikkpulveret O’Boy etter at produsenten Modelez har hatt problem med produksjonsutstyret.

Me har undersøkt litt på internett, og funne ut at på finn.no er det allereie folk som sel o’boy for ekstreme prisar. Ein kan få kjøpt O’boy frå alt frå 250 – 10 000 kr.

Denne saka har det vert masse snakka om i både svenske og norske media. Me har sett nærmare på saken og funne ut at den norske produsenten Tine har vore med å frakte sjokolademelka LITAGO Til Sverige for å hjelpe dei. Dette har vi spurt Tine om personleg via mail og fått dette som respons:

“Tidlig i september gikk Svenskene mann av huse for å få tak i sjokoladepulveret, O’boy. På enkelte nettsider dukket det opp svartebørsmarked hvor en O’boy-pakke ble solgt for store summer. Norske LITAGO, eid av TINE, sendte da nødhjelp og et eget LITAGO-team som delte ut ferdig sjokolademelk til trengende svensker.” -TINE SA

For å fordjupa oss lenger inn i saka bestemde me oss for å spørja nærbutikkane i Eikelandsosen, Bunnpris og Spar, om korleis dette har gått innpå dei. Me intervjua fyrst Bunnpris. Dette fekk me som respons:

– Det har vore mange kundar som har kome og spurt oss om me har O’boy. Me har ikkje fått påfyll av O’boy på lang tid, ca. 4 veker, og fyrst når me får påfyll blir det raskt utsolgt. Me har heller ikkje fått noko informasjon om kortid det kjem tilbake igjen for fult.

Me spurte dei også om kvifor dei trur folk er så gale etter O’boy, og dei sa att det var tydeleg at folk føretrekkjer det i staden for Nesquick. Bunnpris trur at det kjem til å ta ei lita stund før det kjem tilbake igjen.

Da vi spurte Spar om det same, fekk me dette som respons:

– Me har tydeleg merka att det er kraftig mangel på O’boy, og me har prøvd å finne ut litt sjølv om krisa. Me har ikkje fått noko direkte informasjon frå produsenten, men matbutikkar har ein portal der me får vite om slikt og det har lenge stått at det snart skal begynne å komme meir. Så langt har me ikkje fått påfyll meir enn ein gong, heilt sidan august!

Bunnpris og Spar har begge sagt at det ofte kjem folk og spør dei om dei ikkje har O’boy. Noko Spar nemnte var at for nokon kundar er O’boy som kaffien deira, at dei må ha det kvar dag.

Saka har ikkje blitt noko meir oppdatert, men mange trur at det kjem til å halde fram ei god stund til, til vi får noko meir informasjon frå sjølve produsenten. Intil vidare skal me følgje med på saka, og når det kjem noko ny informasjon vil vi oppdatere dykk! Følg med vidare!

Skriven av Angel, Malena og Zofia