O’boy-krisa er endeleg over!

For nokon veker sidan skreiv me ei sak om den forferdelege O’boy-krisa. Om de ikkje har fått med dykk denne fæle krisa allereie, kan de lese om den på heimesida vår.

I den førre artikkelen nemnde vi at vi skulle lage ein oppfølgjar til teksten og no har vi endeleg fått meir informasjon om statusen på O’boy!

Me er glade for å meddele at no er O’boy komen tilbake til butikkane!

Akkurat no ser det ut som det ikkje kjem til å vere mangel på O’boy på ei stund, men vi veit aldri når ein slik krise vil skje igjen, så ver forberedt!

Dette var Fusa ungdomsskule si skuleavis, som alltid kjem med dei aller viktigaste sakane, følg med vidare for meir nyttig kunnskap!

Skriven av Malena, Angel og Zofia