Kantinemat 2018/19: Test av årets kantinemat

– Det er verdt pengane!

Fusa ungdomsskule har no begynt på igjen med kantine for åttande år på rad. Før var det eitt utval i mellom pizza og kanelbollar, som etter kvart vart skifta ut med pastasalat for eitt sunnare alternativ for elevane. Dessverre vart elevane fort lei av pastasalaten.

Men i år kom det eitt nytt utval av mat som elevane kan velje mellom!

Me har snakka med dei tilsette ved kantina, og hovudsjefane fortalde att kantina har heldt på i meir enn 12 år. Det var fyrst i 2008 at dei byrja å selje mat til elevane. Då selde dei ferdigpizza, (grandiosa/big one), kanelbollar og baguettar, i gongen slik at elevar måtte stå i kø for å kunne kjøpe. I 2011 byrja dei med kantina slik ho er i dag.

Årets utval består av tacobaguettar, ost & skinke-baguettar, yoghurt, drikke som appelsinjuice og eplejuice, og også glutenfri pizza for dei som treng det.

Med ein gong me kom inn i gangen vart me omringa av lukta av den herlege aromaen som kom frå maten. Personalet som jobba på kantina var også veldig snille, og tok oss godt i mot. Dette er grunnen til kvifor me gjer det sosiale miljøet i kantina karakter: 5+

Tacobaguett

Tacobaguett

Elevane sin anmeldelse:

Tacobaguetten inneheld tacokjøtt, ost og tortillachips .

Elevane synst tacobaguetten er veldig god, men kunne ha vore litt mindre salta. Dei synst og den er veldig mettande. Det er veldig fint at dei har brukt grovt brød, men dei kunne godt ha skjert baguetten annleis for å ikkje kaste vekk så mykje brød. Den kunne til dømes ha blitt skjert slik som ost og skinke-baguetten.

Pris: 20 kr

Karakter frå 1-6:  5+

 

Baguett med ost og skinke

Ost & Skinke-baguett

Elevane sin anmeldelse:

Baguetten inneheld smør, ost, skinke, salat, tomat og paprika.

Elevane synest baguetten er heilt grei, eit fint alternativ i staden for å lage matpakke sjølv. Dei synst kanskje baguetten var litt tørr, og osten var litt “svett”. Men dei synst det er fint att det er grovt brød, og det er alltid eit sunnare val.

Pris: 15 kr

Karakter frå 1-6:  4+

 

Vår konklusjon er at kantinematen er eit bra alternativ for elevane som må stresse på morgonen med å lage matpakke. Det er også fint å ha noko og glede seg til på onsdagane, og elevane blir alltid glad når kantinematen kjem!

Samtidig synest me att dei kunne ha pakka baguettane inn i matpapir i staden for plastikk, for å halde det meir miljøvennleg.

Dette er noko me synst Fusa Ungdomsskule bør fortsetja med!

Skriven av Zofia, Malena og Angel