Utsatt fjelltur

 

Onsdag 5. September fekk elevane ved Fusa ungdomsskule vite at det ikkje ble fjelltur på torsdag som planlagd, grunna for mykje nedbør. Fredag er og ein uaktuell dag, for det er dagen tiande klasse skal få vaksine. Hittil er det derfor ingen som veit når denne fjellturen blir.

Sidan høsten no er starta, blir det ein del regn framover. Derfor kan det vere vanskelig å finne ein dato for fjellturen, og det blir ikkje lettare av at værmeldinga konstant endrar seg. Men for mange er denne fjellturen ein viktig del av skulestart, der ein får ein dag fri til å gå på tur med medelevar i staden for det stressande skulelivet. Det er sagt at det kanskje blir fjelltur torsdag 13. September, men enno kan vi ikkje vere sikre. ​