U:fest på Oseana

Laurdag 15.09-18, var det U:fest-konsert i Oseana kulturhus. Dette arrangementet vert stelt i stand kvart år, og er laga for ungdom.

På laurdag vart Oseana fylt med barn og ungdom i alderen 8-25. På dagen kunne dei vere med på noko som vert kalla for “workshops”, altså kurs, innanfor breakdance, beatboxing og grafitti. Dette vart ein stor suksess, med tanke på at “workshops” vart arrangert for fyrste gong i år. Då workshopane var ferdig framførte dei kva dei hadde gjort forann dei andre og foreldre. Fordelt på dei 3 workshopane var det Ca. 40 stk, og dei fleste var frå Fusa!

På kvelden var det konsertar, der det var lokale band og artistar som underhaldt. Det var 7 artistar til saman: Myra, Vivillain, Tomine, Apollo Qult, Trebbel, Sleepwalkers og The Blooming Bruises. Konsertens headliner, altså den mest kjende artisten som skal opptre og som oftast avsluttar kvelden, var Myra frå Bergen! I mens Sleepwalkers og The Blooming Bruises er lokale band frå Fusa, som me reknar med alle veit kven er.

Konsertane byrja klokka 17 og varte til 22. Det var mange ungdomsarrangørar frå både Os og Fusa, som arbeida heile laurdagen for å halda arrangementet i gang og skapa god stemning. Blant anna var det to arrangørar frå Fusa ungdomsskule, Zofia Konieczka og Gjøa Sveinsdotter-Holmefjord. På Oseana fekk ein kjøpt mat og snacks i kiosken og kunne ta bilete i U:fest si instagramramme (@oseanaufest).

Dette arrangementet er ein slags musikkfestival som er skapt av ungdom for ungdom, som skal bli arrangert kvart år framover. Me håpar me ser dykk neste gong!

Skrive av Malena og Zofia, foto ved Gjøa

  • Blooming Bruises