Teddyekspressen på veg mot endestasjonen

Bagasjerommet fullt av teddybjørnar

I fjor hadde Eira Skulesdatter Dreyer, Eilén Gravdal, og Andrea Aadland Bolstad “innsats for andre” i valfag. I samanheng med det starta dei Teddyekspressen. Teddyekspressen samla inn bamsar og fiksa det som måtte fiksast. Deretter blei dei sendt til Afrika og delt ut til ungar, mange som aldri har sett ein bamse før.

19. September reiste bamsane til Bruktbuo, der dei skal venta på den lange reisa til Etiopia. Eit reisefølge frå Fusa reiser til Etiopia 3. oktober med rundt 300 bamsar på lasset. Me ønsker lukke til på ferda!

Tekst og foto: Gjøa