Skulefrukost

I fleire år har det vore eit tilbod om frukost på skulen. I år er det andre året det er betalingsordning.

Elevane ved Fusa ungdomsskule har nytta seg av skulefrukosten sidan det blei eit tilbod. Tilbodet byrja som eit gratis tilbod. Etter ei stund blei det til frivillig betaling. Då skulen starta etter sommaren i 2017 var det ny ordning med fast betaling for dei som nytta seg av frukosttilbodet.

Dei tilsette ved frukosten la merke til at talet på elevar minka kraftig etter at betalingsordninga kom. Fleire av lærarane meiner at elevtalet sokk med 70-80%. Det var på den andre sida ei øking i talet elevar som gjekk på Neset i skuletida. Lærarane me snakka med fryktar også at dei elvane som treng frukosttilbodet mest er dei som ikkje hadde moglegheit til å koma lenger.

Skulen søkte til Eikelandsfjorden sanitetslag, der Tove Fosså er styreleiar, for støtte til frukosten og fekk utdelt 50 000 kr. Me er veldig takknemleg for pengane som hjelper eit godt stykke på vegen, men det held ikkje utan at betalinga framleis er ein faktor. Fordi pengar til frukosten ikkje er lagt inn i skulen sitt budsjett som ein eigen prioritet har skulen lagt inn betalingsordning for dei som nyttar seg av tilbodet. Dette er for å kunna halda tilbodet ved like.

Dei ansette ved skulefrukosten er også reinhaldarar på skulen.  Dei fortalde at skulefrukosten er ein fin pause og avbrekk frå det dei ellers gjer. Møte med elevane bli også på ein heilt anna enn det lærarane opplever i klasseromma.

Skriven av Gjøa og Eira