Siste nytt frå elevrådet

Vi har prata med elevrådsleiar Kristoffer Boge og fått vite kva elevrådet arbeider med for tida. Saker som blei tatt opp på forrige møte er:

  1. Mobilhotell, og om det skal forbli på skulen
  2. Om det burde være lov å lade chromebook på skulen
  3. Om det kanskje burde kjøpast inn nye fotballar til klassane
  4. Arrangering av aktivitetar i gymsalen grunna begrensa skuleområde
  5. Prioritering av tema psykisk helse på skulen

I tillegg fekk vi vite eit par viktige stillingar i elevrådet:

Elevrådsleiar: Kristoffer Boge

Nestleiar: Sander Markhus

Skrivar: Mira Hannisdal Nilsen

Elevar i ungdomsrådet: Gaute Torgilstveit og Erlend Hagen Nordtveit

Skrive av: Brage og Adrian