Myrda paraply

Nylig vart restane av ein myrda paraply funnen midt på skuleplassen, gjerningsmannen var ingen stad å sjå.

Paraplyen blei funnen rundt 12:00 tida.

Vi mistenker at den hadde vore død i ca. 5 timar då biten vart funnen.

Me gjekk skuleplassen rundt, og leita etter den forsvunne paraplyen, men den var ingen stader å sjå. Truleg har gjerningsmannen først drept eit uskyldig offer for deretter å ha gjøymd liket.

Me intervjua folk som var i nærleiken når paraplyen vart funnen, blant anna Astrid som var veldig klar på at ho IKKJE var der, for ho var heime og sov.

Ho meinte derimot at Atle og Vigdis virka veldig merkelege og kunne ha noko med det å gjere…

Me fann Vigdis, men ho var opptatt med å bryte opp ei dør, og virka relativt stressa.

Då vi skulle prøve å finne Atle var han ingen stad og sjå, og me mistenker derfor att han gøymde seg ein plass med vilje eller prøvde å skjule sporene sine.

Saken vil bli nærare undersøkt.

Skriven av Eira, Angel og Gjøa. Foto: Gjøa